Gratulerer med dagen!

Postet av Stryn Fotball den 17. Mai 2024

Gratulerer med dagen Stryn!

Vi håpar alle får ein fin 17. mai.


Ekstra gratulasjon til to i Stryn Fotball som har bursdag i dag.

John Os og Siri Merete Fure, hipp hipp




Fredagstreningar 2024

Postet av Stryn Fotball den 9. Mai 2024


Nytt aktivitetstilbod

Gjennom vinteren har sportsleg leiar, Øystein Hesjedal, jobba hardt med å få på plass eit tiltak som vi håpar og trur skal videreutvikle Stryn Fotball på ein positiv måte. Vi startar opp med "klubbstyrte" treningar på fredagane, første økt blir i morgon10/5  Eit tilbod for jenter og gutar født 2011-2016. 

Dette er meint for dei som vil trene ei økt utover sine lagsøkter. Ein tar utgangspunkt i Landslagsskolen når ein planlegg øktene og delar spelarane inn i differensierte grupper (tilpassa opplæring til nivå). Vi blander alder og kjønn. 


Oppbygging av økta vil være slik:

  • Oppmøte i kafèen for gjennomgang av økta
  • Prepp / raske bein (15 min)
  • Øvelse med smalt fokus (20 min)
  • Spill mot 2 mål, samme fokusområde som i øvelsen (30 min)


Treningane vil bli planlagt og gjennomført med bruk av eigne eldre spelarar i klubben. Desse blir igjen fulgt opp og veileda av Øystein Hesjedal og Rune Ommedal. Trenarane i dette konseptet er flinke i fotball, men dei har liten erfaring med trenargjerningen. Vi vil difor stille litt krav til oppførsel, fokus og interesse til dei som vel å delta på dette tilbodet.


Vi ynskjer at trenarar og foreldre snakker om fylgjande med sine spelarar/born: 

  1. Vi er på trening for å trene og held fokus mens økta pågår. 
  2. Vi snakker og oppfører oss fint ovanfor kvarandre. 
  3. Vær ein bidragsyter! Gjer andre gode, hjelp til med utstyr m.m.

Vi håpar at dette tilbodet vil være klubbutviklande for både spelarar og trenarar. Alle trenarar og foreldre i klubben er velkomne til å sjå på øktene, og ikkje minst være med i trenerteama hvis de ynskjer det!


Dei som vil være med registrerar seg i Hoopitgruppa: 

https://app.hoopit.io/join/stryn-idrettslag-116030/open/stryn-fotball-fredagstreningar-8-13-ar-644130






Kongleriket 2024

Postet av Stryn Fotball den 5. Mai 2024

Då er første Kongleriketturneringa over for i år, for ein dag det var på Stryn Stadion. 66 lag fordelt på 3er og 5er fotball heldt det gåande frå 10:30 om morgonen til 16:00 i ettermiddag. Eit yrande liv i varmen på Stadion. Mykje aktivitet, Nordfjord-pølser, is, glede, engasjement og gode opplevingar.


Vi rettar ei takk til alle frivillige som stilte på som kioskvakter, fairplayvakter, banerigging med meir.

Takk til dommarane våre som var i aktivitet heile dagen. Spesielt takk til dokke som tok dokke tid til å skryte av dei. Det var fleire av dei som kunne melde om skryt frå foreldre og trenarar, både frå eigen klubb og andre. Det sett vi virkelig pris på.


Vi takkar for besøket og sender stafettpinnen vidare til Breimsbygda og neste turnering 09.06


Vetle, Peder, Eirik og Adrian


Sara, Solveig, Alma


Marius Håvard, Herman







Kampar i veke 18

Postet av Stryn Fotball den 28. Apr 2024

Kommande veke er det 18 kampar med Strynelag involverte. i tillegg til 8 spennande heimekampar skal det avviklast konglerike-turnering søndag 5/5. Senior Herrer spelar borte mot Vik på laurdag.

Bortekampar veke 18:

  • Mandag
    • Haugen 1 - Stryn 1, J11
  • Tirsdag
    • Eid 2 - Stryn 2, G15/17
    • Bremanger - Stryn 3, G13/14
    • Måløy 2 - Stryn 2, 6.div
  • Onsdag
    • Olden/Loen - Stryn 1, G11
  • Torsdag
    • Måløy 1 - Stryn 2, G12
    • Svelgen 1 - Stryn 1, G12
  • Lørdag
    • Vik - Stryn, Kretsligaen
  • Søndag
    • Florø 4 - Stryn 1, G13/14





Måltier'n Scoringsklubb

Postet av Stryn Fotball den 26. Apr 2024


Denne sesongen har du mulighet for å støtte Stryn Fotball ved å bli med i Scoringsklubben "Måltier'n". Ved å betale 10,- for kvar scoring til Stryn i Kretsligaen og/eller 3.div damer bidreg du med viktige kroner til aktiviteten i klubben vår.

Slik gjer du det:
 Send STRYNH til 2002 for Stryn Herrer (Kretsligaen)
 Send STRYND til 2002 for Stryn Damer (3.div damer)
 
Du vil du få scoringsvarsel direkte på telefonen din undervegs i kampane. Kvar Strynescoring utløyser støtte på kr 10,- til klubben. Eventuelle scoringar for motstandar koster ingen ting. 





Slutt for Firda Live

Postet av Stryn Fotball den 25. Apr 2024

Kretsen sende i dag ut følgjande melding:

"Til lag og klubbar 3.divisjon kvinner og 4.divisjon menn!
Pga for høge kostnader kjem Firda ikkje lenger til å halde fram med tekstoppdateringar. Det blir frå komande helg kun oppdatering via kamprapportering live (Fiks) og sendingar via direktesport."

Det betyr at eit svært godt og populært tilbod for våre lokale fotballseriar er historie, og at live-oppdateringar no skjer i Fiks (Min Fotball-appen) eller via streaming på Direktesport (også tilgjengeleg i TV2 Play). Einaste alternativ for tekstoppdatering er at klubbane sjølve kokar i hop eitkvart på sine eigne heimesider, Facebooksider e.l.

Dette er ei dyster nyheit for lokalfotballen, og våre tankar går til alle klubbar i trivselsfylket som har formidla lokalfotball på strålande vis i alvorleg mange år.

Kvil i fred, Firda Live.




Kampar på Stryn Stadion veke 17

Postet av Stryn Fotball den 23. Apr 2024

 

22.04.2024mandag18.00Stryn 1-Sandane 1J11 avd 4
23.04.2024tirsdag19.00Stryn 1-Førde 4G13/14 11ar 1.div avd 2 vår
23.04.2024tirsdag19.00Stryn 3 7ar-Hornindal 7arG13/14 7ar vår
23.04.2024tirsdag19.00Stryn 2-Hyen 6.divisjon avd 4
24.04.2024onsdag19.00Stryn 1-Førde 4G13/14 11ar 1.div avd 2 vår
25.04.2024torsdag18.00Stryn 1- Måløy 2G12 avd 4
25.04.2024torsdag18.00Stryn 2-Eid 1G12 avd 4
25.04.2024torsdag19.00Stryn 2 9ar-Vikane/LoenG15/17 2.divisjon avd 3
27.04.2024lørdag14.00Stryn -Jølster Kretsligaen



Kampar kommande veke på ein ryddig Stryn Stadion

Postet av Stryn Fotball den 14. Apr 2024

Vi ryddar stadion!

Vi er alle glade i aktivitetsområdet vårt Stryn Stadion. Dessverre er det ikkje alltid det ser slik ut. Søpla flyt til tider, dunkane er fulle, attgløymde klede, sko, drikkeflasker m.m. ligg overalt. Måla blir brukt som klatrestativ og hengekøyer, det lagar hol i netta og spesielt småmåla er utsatte, blir lett øydelagde og dyre å erstatte. 

Vi håpar å få fleire til å ta eigarskap til området vårt og at vi saman kan gjere det endå kjekkare å være på Stadion. Husk det er lov å minne folk på å rydde etter seg.  Vi har innført ordenslag i vårsesongen, i veke 15 er det Jenter 12-16 som har ansvaret, men vi oppfordrar alle som brukar stadion til å ta i eit tak.

  1. Plukk opp søppel, få det i søppeldunkane (Fruktavfall frå pausefrukta kastar de i dei store containerane ved klubbhuset, så slepp vi at det rotnar i dei mindre dunkane)
  2. Er søppeldunkane fulle, skift bossekk, full sekk kastast i containeren ved klubbhuset.
  3. Gjengløymde ting(sko, klede, flasker osv) skal leggast i «gjengløymtkassa» (når denne er komt på plass)

Plastsekkar vil bli lagt under speakerbua (innerst til høgre) og på vaskerommet i klubbhuset.


Vi håpar dette gjer til at ein i felleskap klarer og ha ein meir presentabel stadion. 





Endeleg – vårens vakraste eventyr – seriestart i Kretsligaen!

Postet av Stryn Fotball den 12. Apr 2024

Trenar Jon Terje Tjellaug har ordet, i forkant av serieopninga mot Studentspretten i morgon (laurdag) kl 14.


Assistent Mats Solheim og hovedtrenar Jon Terje Tjellaug. Foto Fjordingen.

Helga er komen. Seriestarten er her. Ein utfordrande vinter, der spesielt kulden har vore hard, er over. Lauva sprett ut på trea, og fotballen begynne og rulle. 

På TV går eliteserien sin gong, vi føl med spelarar med tilknyting til Stryn både i Sarpsborg og Sogndal. No er det vår tur til å gå ut på bana og kome i gong med vår eigen sesong. Vi gledar oss. 

I november starta vi opp med innandørstrening. Godt å koble av, ha det kjekt og halde den fysiske forma litt ved like. Etter kvart bevega vi oss ut, forholda vart meir stabile, og etter vinterferien har vi vore ute.  På stadion har Jarle fiksa og ordna, og gjort så godt han kan for at vi skal ha gode forhold. 

Etter vinterferien har vi trent 4 gongar i veka, og spelt nokre treningskampar, med varierande resultat. Vi har fått inn nokre nye fjes, det er alltid godt i ei gruppe. Lars Gjørven og Lukas Olai Lødemel har meldt overgong frå Hornindal. Desse to supplerar gruppa vår på ein fin måte. Daniel Gjervik er på veg mot eit lite comeback etter at fjoråret var prega av ein kneskade. Utanom det er det mange kjente fjes. Ei ung spelargruppe, med mykje gode ferdigheiter. 

Som mange andre lag saknar vi spelarar i alderen 20+. Vegard, Jan Marius, Kjell August og Ole Ivan får stå for rutinen forløpig. Desse får være litt hærførarar og bidra med rutine og positivitet. Resten av gjengen held junioralder, men er likevel eitt år eldre enn i fjor. Dette håpar vi å sjå. 

Det blir litt for enkelt å seie at dei eldre må ta ekstra tak. Her må dei unge brette opp armane og våge ta endå større ansvar. Vi er avhengig av at dei vågar å ta dette ansvaret, viser seg fram, og bidreg på ein positiv måte både for seg sjølv og laget. Kvar einskild må gjere jobben sin, stille krav til seg sjølv, ikkje berre stille krav til alle rundt seg. Her er spennande spelarar som heilt sikkert har ei framtid i fotballen foran seg, det håpar vi å sjå spor av allereie laurdag. 

Vi er no 37-38 spelarar, og har til no opptredd som ei spelargruppe. Dette har ført til at vi om lag har vore 25 i snitt på trening. Ny situasjon i Stryn, lenge sidan det har vore slik. Det er både kjekt og utfordrande på same tid. Men vi har to lag som skal igjennom seriespel, så vi treng alle mann alle. 

I løpet av våren får vi litt påfyll i troppen. Jørgen Trøsken er i militæret, men kjem heim til nokre kampar i vårsesongen, og blir ein viktig mann for oss. Sondre Erdal kjem som sommarvikar mest sannsynleg frå studiar i Trondheim. Fin fyr som vil bidra positivt den perioden han er her både i trening og kamp. 

Nytt fjes inn i troppen frå midten av mai blir Isak Skogen. Isak har trent med oss tidlegare, men har studert vekke, siste året på Folkehøgskule i Oslo, der han har gått fotballinja. Spelar no for Skeid og har ein gammal kjenning frå Styn, Martin Dolvik som trenar. 

Nokre spelarar er vekke frå i fjor. Vi har ein Bergensgjeng (studentar) som dette året vil spele fotball i Bergen. Det har dei sjølvsagt fått lov til, sjølv om vi gjerne skulle hatt dei her. Sigurd F. Fænn og John-Erlend Bøe spelar for Baune, medan Håvard Kroken har meldt overgong til Nymark. Lukke til med sesongen i Bergen! 

Vi gledar oss til kampen mot Studentspretten i morgon. Endeleg er vi i gong. Ein ung og forhåpentlegvis svolten gjeng har lyst på ein god start på sesongen. Vi skal love å gjere så godt vi kan. Mange kvikke bein vil fylle grasmatta, vi satsar på at det er Stryn som er kvikkast. Håpar dette kan skape gode stunder og positivitet på stadion. 

Vi skal i alle fall gjer vårt beste.

Helsing Jon Terje




Nye rekruttdommarar

Postet av Stryn Fotball den 11. Apr 2024

f.v: Yngve Håkonsen (Instruktør), Håkon Sæbø, Fredrik Njøten, Markus Olsen, Roger Viem (dommaransvarleg Stryn Fotball), Dennis Maurset, Theo Tenden, Magnus Haugstveit.

Denne veka har vi kjørt rekruttdommarkurs i Stryn, vi har no 6 nye rekruttdommarar i klubben. Desse karane vil stort sett å dømme i 13/14 års klassen i år, men også  yngre klasser. 

Kurset består av ein teoridel på nett, så to kurskveldar med dommarinstruktør Yngve Håkonsen. Her var det gjennomgang av regler, studering av video og gode diskusjonar. Spesielt ein viss straffesituasjon frå kampen United - Liverpool vart gjentagende tatt opp. Kretsens beste assistentdommar Kjell August Ytre-Eide stakk også innom og snakka litt om rolla. 


Vi er godt stilt med yngre dommarar i Stryn og for at dei som dømmer skal få nok kampar til å utvikle seg  så vil vi ikkje ta inn for mange. Vi har pr no tilstrekkelig med dommarar frå 15 år og nedover, og tar derfor ikkje inn fleire akkurat no. Dei yngre dommarane tar Klubbdommarkurs neste veke, med Roger Viem som instruktør.

Vi ynskjer oss derimot fleire dommarar frå 16-17 år og eldre som kan dømme gutte / jentelagsfotball  og oppover til senior. Dersom det er av interesse så ta kontakt med John Os eller Roger Viem som er dommaransvarleg. Det er mulig å delta på rekruttdommarkurs allereie neste veke i Hornindal.

Takk til Yngve som stillte på som instruktør, og til Roger som velvillig har tatt  på seg rolla som dommaransvarleg. Kanskje har vi fleire kretsdommarar om ikkje alt for lenge.







Bli med i Scoringsklubben 2024

Postet av Stryn Fotball den 11. Apr 2024

Det nærmar seg sesongstart og begge seniorlaga våre skal i aksjon i helga! Fredag går turen til Gaular og bortekamp i 3.div damer, medan laurdag er det heimekamp i Kretsligaen kl 14.00 mot Studentspretten. 

Denne sesongen har du mulighet for å støtte Stryn Fotball ved å bli med i Scoringsklubben "Måltier'n". Ved å betale 10,- for kvar scoring til Stryn i Kretsligaen og/eller 3.div damer bidreg du med viktige kroner til aktiviteten i klubben vår.

Slik gjer du det:
Send STRYNH til 2002 for Stryn Herrer (Kretsligaen)
Send STRYND til 2002 for Stryn Damer (3.div damer)

Du vil du få scoringsvarsel direkte på telefonen din undervegs i kampane. Kvar Strynescoring og sluttresultat utløyser støtte på kr 10,- til klubben. Eventuelle scoringar for motstandar koster ingen ting.  I eksempelet på biletet viser Malin og Malene henholdsvis 3 og 2 scoringar, noko som vil utløyse kr 50,- i støtte. 

Betalinga skjer automatisk via telefonrekninga di kvar mnd. 

Bli med i Scoringsklubben 2024!




Endeleg sesongstart!

Postet av Stryn Fotball den 9. Apr 2024

For dei av oss som foretrekk idrett med ball og offiside, har ventetida vore mørk, lang og kald. Endeleg ser vi lyset i tunellen og dei første kampane nærmar seg.

Damene er første lag ut, bortekamp mot Gaular fredag kveld  på Sande Stadion. Med nye trenarar i Kjell Magne Bøe og Pål Trøsken blir det spanande å sjå korleis dei hevdar seg i 3.div avd 2. Dei andre motstanderane i avdelinga er Førde 2, Måløy, Selje/Åheim, Sogndal 2.

Laurdag er det duka for første heimekamp i Kretsligaen for herrelaget. Vi tek imot Studentspretten på Stadion 14:00. Stryn har historia på si side, av 8 møter har Stryn vunne 6, uavgjort 1, og tapet kom tilbake i 2019, det er jo lenge sia no. Statistisk sett vinn Stryn denne kampen 3,3 - 1,3, får 1,5 gult kort og 0,125 straffe, så får vi sjå om dette blir fasiten på laurdag og. (bank i bordet)

Søndag reiser småguttelaget og småjentelaget til Skavøypoll Stadion for å møte Måløy, henholdsvis klokka 12:00 og 16:00. Kjør pent.


Vi ynskjer laga lukke til! 





Vi skal sette trenarveileding i system!

Postet av Stryn Fotball den 3. Apr 2024

Tysdag hadde sportsleg leiar Øystein Hesjedal og leiar for barnefotball, Eirik Krossen, kalla inn trenarar og lagleiarar i barnefotballen og smågutt/jenter. 

Trenarane for G-2011, Eirik, Stian og Rune, delte sine erfaringar. Dei fortalte om kullets reise frå 6 åringar med ein kaotisk start, til no som eit sterkt småguttelag, med heile 6 kretslagsspelerar.

Lagleiar for damelaget, Lisbet Nedreberg, fortalde kva ho syns som er viktig med lagleiarrolla. Det er mykje som skal ordnast til ei kvar tid, men det viktigaste syns ho er å avlaste trenarane i forhold til det organisatoriske rundt laget. Ho er også ei støtte og talerør for spelarane, dersom det skulle være noko. Her er Lisbeth med sitt engasjement i verdstoppen.

Deretter gjekk Øystein og Eirik gjennom planane for sesongen

Kort oppsummert, vi ønskjer ein å bygge klubb, med eit større samhald. Dette gjeld trenarar / spelarar / tillitsvalde og foreldre.

I 2024 skal vi ha følgande på plass:

  • Alle lag skal ha ein trenarrettleiar som føl dei opp
  • Vi fortsett med med ekstratilbudet på laurdag føremiddag (tema blir: «ta løkka tilbake»)
  • Nytt ekstratilbud fredag ettermiddag, Klubbstyrte treningar for 8-14 år, der ein deler i jamne grupper, på tvers av alder og kjønn
  • Revidert sportsplan - Forenkla med fokus på det som skal skje på feltet. (Dette lovar sportsleg utval til å ha klar til hausten)

Dei frammøtte tok forslaga godt i mot, og det var tydeleg at det var ein engasjert gjeng som var klar for sesongen.

Neste trenarforum er allereie på plass 26. mai, nu kjør vi.




God stemning på Sparebanken Vest Påskecamp i Stryn!

Postet av Stryn Fotball den 28. Mar 2024

Måndag og tysdag i Påskeveka arrangerte Stryn Fotball Sparebanken Vest Påskecamp for born og ungdom i alderen 8-15 år! Instruktørar var Marius Hagen og Rune Sulen, som hadde satt saman spennande og morosame øvelsar for deltakarane. Etter øktene var det matservering og sosialt samvær i cafeen. 

Stryn Fotball takkar deltakarane, instruktørane og vår sponsor Sparebanken Vest for fine dagar på stadion. Ei ekstra stor takk til Edel og Magnar Rekdal som nok ein gong stilte opp med matservering til deltakarane!




Stryn Fotball skal også i 2024 arrangere Tine Fotballskule!

Postet av Stryn Fotball den 26. Mar 2024


Tine Fotballskule er Norges Fotballforbund sin offisielle Fotballskule og Stryn Fotball er også i 2024 ein av klubbane som skal arrangere fotballskulen. Nedanfor finn du litt info om Tine Fotballskule i Stryn og link til påmeldingsskjema.

Når: 24.06-27.06 frå 10.00-15.00

Alder: 7-12 år (født 2012-2017)

Stad: Stryn Stadion

Pris: kr 1.200,- (Søskenmoderasjon: kr 900,- for born nr 2) Betalast ved påmelding til Stryn Fotball - konto 3790.13.72765 eller VIPPS til 105182

Påmeldingsfrist: 15.06.23

Link til påmeldingsskjema:

Påmelding






Treningskamp mot Eid i kveld!

Postet av Stryn Fotball den 20. Mar 2024

Stryn og Eid sine guttelag (G15-17) spelar treningskamp på Stryn stadion i kveld (onsdag 20.mars) kl 19.

Alltid kjekt med eit lokaloppgjer!




10 minutt direkte soning for protestar!

Postet av Stryn Fotball den 14. Mar 2024

Som einaste krets i landet skal NFF Sogn og Fjordane teste ut direkte soning i 10 min for protestar mot dommaravgjersler.

Dette er eit kontroversielt pilotprosjekt, som har skapt mykje debatt. Nokre trudde til og med det var ein aprilspøk, og måtte på med lesebrillene for å sjekke kalenderen. Men dette er slett ingen bløff.

Prosjektet skal testast ut i 3. divisjon for kvinner og 4. divisjon for menn og ned til jenter og gutar 13 år. 10 minutt direkte soning skal nyttast. For kamper med 80 minutt eller mindre vil spelarar sona i 5 minutt, ikkje 10.

Les saka frå NFF Sogn og Fjordane her:
https://www.fotball.no/kretser/sogn-og-fjordane/dommar/artiklar/2024/pilot-med-direkte-soning-for-protestar-mot-dommaravgjerslerdommar/


 




Florø og Hubert vart for sterke

Postet av Stryn Fotball den 13. Mar 2024

Stryn sin einaste målscorar i kveld, Tomas Eikenes Tjellaug (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)

Trenar Jon-Terje Tjellaug etterlyste meir trøkk i laget sitt, men såg også enkelte lyspunkt.

- Vi gjev det eit forsøk. Eg er fornøgd med måten vi spelar av første pressledd til tider. Også ok fornøgd med vårt eige presspel i enkelte periodar. Sjølv om Florø ledar 3-0 til pause syns eg ikkje dei skapar all verden på oss denne omgangen. Dei skapar meir i andre omgang, sjølv om dei her scorar berre eitt. Vi lærer at vi må opp på eit høgre nivå når det gjelde duellspel, intensitet, forflytning og balltempo. Kommunikasjonen innad i laget må også bli betre. Vi får stå på vidare og bygge stein på stein.

Les referat på Firda Live her:
https://live.firda.no/fotball/1/2024-03-13/2386574


Stryn - Florø: 1-4 (0-3)
1.kval.runde NM, Stryn stadion, onsdag 13.03.2024

Mål:
0-1 Oghenetega Agberhiere (11 min)
0-2 Hubert Karol Wdowiak (22 min)
0-3 Hubert Karol Wdowiak (24 min)
0-4 Tobias Grotle Herstad (53 min)
1-4 Tomas Eikenes Tjellaug (straffe 65 min)

Stryn:
Christian Strand - Jonas Hopland, Johannes Fredheim, Jesper Jepsen, Marcel Kucab - Ole-Ivan Glosvik Espeland, Tomas Eikenes Tjellaug, Jan Marius K. Brekke (Sokrates Ullebø Hool i 16 min) - Mohammad Ali, Sigve Aabrekk (Georg Hopland i 35 min), Vegard Sæten Hopland (Simen Hopland i 22 min).

Hubert Wdowiak synte seg vanskeleg å stoppe   (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)


Mohammad Ali lurer eit par blåtrøyer  (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)


Øystein Hesjedal og Jon-Terje Tjellaug. Dei diskuterer neppe strikkeoppskrifter. (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)


Johann Sigurdsson måka ned ei pølse med brød etter kampslutt. Skrubrus, sennep og ketsjup er innan rekkevidde (foto Stig Høynes, haugenfotball.no)




Stryn møter Florø i cupen i kveld. - Berre å gje gass!

Postet av Stryn Fotball den 13. Mar 2024

Stryn og rutinerte Vegard Sæten Hopland er klar for årets første offisielle kamp, i kveld kl 19 på Stryn stadion.

Florø tek turen inn i fjorden, og dei tidlegare bruntrøyene må finne seg i å ha favorittstempelet.

- Det blir spennande å kome i gang med tellande kampar! I kveld får vi testa oss mot eit antatt betre lag, så det er viktig for oss å ha trua. Vi får berre gje gass!, seier ein offensiv Vegard.

Vi ynskjer alle hjarteleg velkomne til Stryn stadion i kveld!

Avspark kl 19.00.







Generalprøve mot Stranda på fredag!

Postet av Stryn Fotball den 6. Mar 2024

Stryn sitt herrelag spelar treningskamp mot Stranda på Stryn stadion fredag 8.mars kl 1830. 

Dette blir dermed trenar Jon-Terje Tjellaug (bildet) og assistent Mats Solheim sin siste sjanse å sjå sine spelarar i kampsituasjon før alvoret brakar laust komande onsdag (13.mars). Då kjem Florø på besøk, for å avgjere kven som skal avansere frå NM-cupen sin 1.kvalifiseringsrunde.

- Ja, dette blir siste test før cupkampen mot Florø. Mot Stranda håpar eg å sjå igjen det vi har hatt fokus på i det siste. Eit godt presspel og gode bevegelsar, spesielt på siste tredjedel. Vi jobber med å vere tolmodige, vere litt kritiske i valga våre og unngå enkle balltap. Forhåpentlegvis lukkast vi med det mot Stranda. Det har vore ein utfordrande vinter, men no er vi bra med spelarar på trening og får øvd på det vi vil sjå igjen i kamp, seier Tjellaug.

Har du lokalfotball-abstinensar? Kom på Stryn stadion fredag kveld kl 1830 og sjå Stryn mot Stranda.





Sparebanken Vest Påskecamp 2024

Postet av Stryn Fotball den 4. Mar 2024

Etter gode innspel har vi gjort nokre justeringar på tidspunkt og pris på Påskecampen .  Vi har også lagt til litt info om hovudinstruktørane.

Stryn Fotball inviterer born og ungdom 8-15 år til Sparebanken Vest Påskecamp 25. og 26. mars 2024. 
 
Det vert delt inn i 2 aldersgrupper: 8-11 år og 12-15 år. Programmet begge dagar for Påskecampen vert:
 
09.15               Oppmøte 8-11 år
09.30 – 11.00  Trening 8-11 år
11.00 – 12.00  Matservering 8-11 år

11.15               Oppmøte 12-15 år  
11.30 – 13.00 Trening 12-15 år
 13.00 –14.00 Matservering 12-15 år

Hovudinstruktørar for Påskecampen er Marius Hagen og Rune Sulen.

Marius har vore instruktør på Proffveka i Stryn sidan 2020, han har master i idrettspsykologi og pedagogikk-utdanning. Erfaring frå Wang, Metis toppidrett og diverse treneroppdrag. Han har vore profesjonell fotballspelar i Sverige, Færøyane og i fleire norske klubbar, mellom anna Fredrikstad, Kristiansund, Ham-Kam, Hødd og Moss. 

Rune er utdanna UEFA-B trener og UEFA-B spelerutvikler. Han har 30-års erfaring som trenar frå born/ungdom til seniorfotball i Postnord og 3.div. Dagleg leiar og sportsleg ansvarleg i Norsk Spillerutvikler siste 4-5 åra og har jobba med Jenteskills i 6-7 år.


Oppmøte ved hovudinngangen til Cafeen i Basishallen
 
 Pris: kr 750,- (inkl brødmat begge dagar)

Deltakaravgift betalast ved påmelding til konto 3790.13.72765 eller Vipps nr 105182. Hugs å merke innbetaling med namn på deltakar.

Påmelding 8-11 år (født 2013-2016):
https://forms.gle/ksudgjia4S8jm4WQ7

Påmelding 12-15 år (født 2009-2012):
https://forms.gle/jmBPuVZAoDJfwMup6


Ved spørsmål:
Kontakt Stryn Fotball – epost: post@stryn-fotball.com, tlf 99387441

 

                                                Hjem                        





Mange lag frå Stryn deltok i KM-futsal sluttspel i helga!

Postet av Stryn Fotball den 4. Mar 2024

                                              


Denne helga vart sluttspelet i KM-futsal arrangert i Trivselhagen på Sandane, og Stryn stilte med totalt 11 lag  i turneringa. Her er ei oppsummering av innsatsen til våre lag:

Laurdag:
Stryn G14: Turneringa starta med 2-0 siger over Eid 2 i fyrste kamp. Etter dette vart det knepne tap for Førde 1 (1-2) og Sogndal (0-1) i dei påfølgande kampane. Stryn gjekk likevel vidare til 1/4-finale som beste 3-ar lag. Her vart det nytt møte med Sogndal og nok ein gong knappast mogleg tap (3-4). 
Kretsmeister: Florø 1

Stryn G16: Stryn sin gutar var  i pulje med Gaular, Eid, Dale og Førde 2. 3 tap og ein uavgjort (2-2 mot Dale), gjorde at det dessverre ikkje vart sluttspel denne gongen. 
Kretsmeister: Måløy

Stryn J14: Sterk opning av jentene med 2-0 siger over Førde. Uavgjort (1-1) mot Årdalstangen og ny siger (5-3) over Hyllestad kvalifiserte til gruppesiger og semifinale mot Måløy. Her vart det 2-3 tap og dermed bronsefinale for Strynejentene. Ny kamp mot Årdalstangen, denne gongen vart det siger (1-0) og bronsemedalje til Stryn!
Kretsmeister: Måløy

Stryn J19: Sterk opning også av Stryn sine eldste jenter med 3-0 mot Vik 2. Etter dette vart det 3-1 sigrar både mot Sogndal og Hyllestad og 1-2 tap mot Eid. Også her vart det gruppesiger og kvartfinale mot Gaular. Her vart det tap 1-3 for Stryn og dermed var ein ute av turneringa. 
Kretsmeister: Hyllestad


Søndag:
Stryn J13: Vårt yngste jentelag var komen i pulje med Årdalstangen, Gaular og Dale. Tap for Årdalstangen (0-2) og Dale (1-2) og siger (2-0) mot Gaular gjorde at jentene havna på 3.plass i pulja, noko som ikkje kvalifiserte til sluttspelet. 
Kretsmeister: Årdalstangen

Stryn J15: Her vart det siger (2-1) mot Bjørn i fyrste kamp. 2 strake tap mot Jotun (0-3) og Førde 1 (0-5) medførte at siste kamp i gruppesepelet mot Loen 2 måtte vinnast dersom laget skulle nå 1/4-finalen. Jentene gjorde jobben og slo naboane 4-0. I 1/4-finalen var Sogndal motstander, og Stryn drog i land ein 4-3 siger. Semifinalen endte med 0-5 tap for Eid og dermed vart det bronsefinale mot Førde 2. Også her vart overmakta for stor og sunnfjordingane kunne gå av bana med 6-0 siger - dermed 4.plass til Strynejentene. 
Kretsmeister: Eid

Stryn G13: I 13-årsklassa hadde Stryn 2 lag kvalifisert til sluttspelet! Stryn 1 starta dagen med siger 4-0 over Høyang. Mot Florø 2 vart det ny siger (2-1), før Jotun påførte gutane dagens fyrste tap (1-2). I siste gruppekamp vart Stryn tilbake på vinnarsporet og med 6-0 siger over Førde 2 vart det 2.plass i gruppa. Gutane skulle gå heile vegen til finalen, og etter 2-0 over Måløy i kvartfinalen og 3-1 over Florø 1 i semifinalen, venta Førde 1 i den avgjerande kampen om gullmedaljen. Knepent 0-1 tap mot laget frå Sunnfjord gjorde at Stryn sine gutar fekk med seg ein fin sølvmedalje i deira fyrste KM-sluttspel!

For Stryn 2 vart det siger mot Askvoll/Holmedal (1-0), tap (0-2) for Sogndal og uavgjort (2-2) mot Florø 1. 3.plass i gruppa kvalifisert til kvartfinalem som endte med 0-1 tap for Florø 1. 
Kretsmeister: Førde 1

Stryn G15: Stryn starta med 2 strake sigrar mot henholdsvis Høyang 1 (1-0) og Bjørn (2-0). I siste gruppespelskampen vart det tap 0-1 for Førde 1 og dermed 2.plass i gruppa bak nettopp Førde 1. 1-2 tap for Eid i semifinalen og 0-2 for Dale i Bronsefinalen gjorde at det vart 4.plass til slutt for G15-laget vårt.
Kretsmeister: Førde 1

Stryn G19: Også i den eldste gutteklassa stilte Stryn med 2 lag. Stryn 1 gjekk gjennom gruppesepelet med 3-0 siger over Sandane 2 og uavgjort mot Askvoll/Holmedal og Kaupanger. I ei jamn gruppe vart det gruppesiger og kvartfinale mot Vik. Etter 4-0 siger her venta Sandane 1 i semifinalen. Her vart glopparane for sterke, det endte med 0-1 tap og dermed bronsefinale mot Kaupanger. Her var det liten tvil og etter 5-0 siger kunne Stryn 1 innkassere 3.plassen i sluttspelet!

For Stryn 2 vart det litt tøffare i gruppespelet, tap mot Høyang og Måløy 1 og uavgjort mot Eid gjorde at Stryn 2 endte siste på tabellen og var dermed ute av turneringa. 
Kretsmeister: Sandane 1

Stryn Fotball gratulerer alle KM-vinnarane og takkar Sandane og NFF Sogn og Fjordane for eit godt arrangement!

På biletet ser du Stryn J14 som tok ein fin bronsemedalje under turneringa!




Rune Ommedal fortset som leiar i Stryn Fotball!

Postet av Stryn Fotball den 29. Feb 2024

Stryn Fotball heldt Årsmøte onsdag 28.feb.På førehand hadde Ivar Paulsen (sekretær) og Veslemøy Ulen Belden (undomsrepresentant) takka nei til attval. I tillegg til desse stod leiar Rune Ommedal og styremedlem Oddvin Myklebust på val, begge desse hadde takka ja til attval og vart einstemmig valt for nye periodar i styret!

Ny i styret til Stryn Fotball er Malin Eikenes Tjellaug som erstattar Veslemøy som ungdomsrepresentant. Valnemnda hadde ikkje lukkast med å finne erstattar for Ivar, men årsmøtet gav styret fullmakt til å jobbe vidare med å finne ny sekretær. Ivar Paulsen har sete i styret til Stryn Fotball i ei årrekke, både som styremedlem, sekretær og ikkje minst styreleiar! Stryn Fotball takkar Ivar for god og viktig jobb for klubben gjennom mange år! Vi vil også ynskje Malin velkomen som nytt medlem i styret til Stryn Fotball!

Stryn Fotball sitt styre for 2024 er dermed:
Rune Ommedal (leiar)
Øystein Hesjedal (sportsleg leiar)
Johann Sigurdsson
Roar Haugstveit
Oddvin Myklebust
Malin Eikenes Tjellaug (ungdomsrepresentant - ny)









Saksliste Årsmøtet Stryn Fotball 28.02.24

Postet av Stryn Fotball den 21. Feb 2024

Årsmøte i Stryn Fotball 2024

Tid:     Onsdag 28.02.24 kl 19.00

Stad:  Basishallen - Cafeen

 

Sakliste

1. Godkjenning av stemmeberettiga
 2. Godkjenning av innkalling og sakliste
 3. Val av møteleiar, referent og 2 representantar til å skrive under protokollen
 4. Gjennomgang og godkjenning av årsmelding for 2023
 5. Gjennomgang og godkjenning av rekneskap for 2023
 6. Fastsetting av treningskontingent for 2024
 7. Godkjenning av budsjett for 2024
 8. Val
 9. Endring farge på shorts/strømper på drakt for damer/jenter






Trygg på trening

Postet av Stryn Fotball den 15. Feb 2024




Trekning Fotballlotteriet 2023

Postet av Stryn Fotball den 23. Jan 2024

Her er trekningslista for Fotballotteriet 2023!




Ola Holmlund Ørjasæter er teken ut på Equinor Talentleir G16!

Postet av Stryn Fotball den 22. Jan 2024

Strynespelar Ola Holmlund Ørjasæter er teken ut til Equinor Talentleir G16-landslag i Sarpsborg! Totalt 35 spelarar frå heile landet er teken ut til samlinga som skal være 29.januar - 1.februar!

Stryn Fotball gratulerer med uttaket og ynskjer lukke til på samlinga!

På biletet ser du Ola i aksjon for Stryn sitt lag herrelag mot Høyang i Kretsligaen 23.september 2023. (Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball)




Stryn G15 gjekk til topps i SPV-Cup i Måløy i helga!

Postet av Stryn Fotball den 22. Jan 2024

Denne helga arrangerte Måløy FK Sparebanken Vest Cup i Nordfjordhallen. Stryn stilte med lag i G15 og G16/17 klassene. 

Laurdag gjekk Stryn G15 heilt til topps i turneringa etter siger 4-1 mot Måløy 2 i finalen! Søndag var det G16/17 sin tur. Dei spelte seg fram til finale i B-sluttspelet der det vart tap 1-2 for Eid.

Her ser de dei glade vinnarane frå Stryn G15 - foto Stig Høynes/Haugen Fotball!




Sondre Holmlund Ørjasæter er klar for Sarpsborg 08 i Eliteserien!

Postet av Stryn Fotball den 15. Jan 2024

Tidlegare strynespelar Sondre Holmlund Ørjasæter har signert for Eliteserieklubben Sarpsborg 08! Sondre flytta til Stryn sommaren 2019 og spelte gutte- og seniorfotball her ut 2021-sesongen. I 2022 gjekk turen til Sogndal, der han har spelt 57 kampar i OBOS-ligaen og 6 cup-kampar. 

No er Sondre klar for spel på øverste nivå og har signert kontrakt med Sarpsborg 08 ut 2027-sesongen. Vi ynskjer Sondre lukke til i ny klubb!

Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball




Marie Rekdal Johannsdottir har signert for Molde!

Postet av Stryn Fotball den 15. Jan 2024

Strynejente og tidlegare strynespelar Marie Rekdal Johannsdottir skal spele for Molde i 2024-sesongen. Marie spelte for Stryn til og med sesongen 2019 og gjekk til Arna-Bjørnar i toppserien før 2020-sesongen der ho har spelt fram til no. Ho står med 44 kampar i Toppserien og 5 cupkampar for bergens-klubben. 

I Molde blir ho lagvenninne med Hermine Kjøsnes frå Stryn og Ingeborg Sætren frå Hornindal. 

Vi ynskjer Marie lukke til i ny klubb!


Foto: Stig Høynes/Haugen Fotball




Stryn Fotball arrangerer Tine Fotballskule i veke 26

Postet av Stryn Fotball den 15. Jan 2024

Det blir Tine Fotballskule i Stryn også i 2024!

Stryn Fotball har fått tildelt Tine Fotballskule 24.06-27.06. Vi kjem tilbake med påmeldingsinfo om ikkje så lenge.