Fair Play pris til J13/14!
Postet av Stryn Fotball den 19. Okt 2023
I pausen under kampen mellom Stryn og Måløy i 3.div damer tysdag vart det delt ut Fair Play pris til Stryn sitt J13/14 lag! Det var Fair Play ansvarlege i klubben - Anne Siri Vik og Kamilla Nedre-Flo - som stod for den høgtidlege utdelinga.
Jentene har eit godt samhald i laget og har vist gode inkluderande haldningar også ovanfor andre i klubben! Laget tok også ansvar og på eige initiativ rydda og shina opp garderobar i klubbhuset, noko som har ført til at fleire har fulgt deira eksempel og gjort stadion til ein enda trivelegare plass å være!
Premien til årets Fair Play lag er ein sosial kveld på klubbhuset med Pizza og brus! Gratulerer med velfortent pris til J13/14!
Her ser du Stryn J13/14 etter at prisutdelinga tysdag!
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stryn Fotball

Gratulerer med dagen!
17.05.2024

Fredagstreningar 2024
09.05.2024

Kongleriket 2024
05.05.2024

Kampar i veke 18
28.04.2024

Måltier'n Scoringsklubb
26.04.2024

Slutt for Firda Live
25.04.2024