Fredagstreningar 2024
Postet av Stryn Fotball den 9. Mai 2024
Nytt aktivitetstilbod
Gjennom vinteren har sportsleg leiar, Øystein Hesjedal, jobba hardt med å få på plass eit tiltak som vi håpar og trur skal videreutvikle Stryn Fotball på ein positiv måte. Vi startar opp med "klubbstyrte" treningar på fredagane, første økt blir i morgon10/5 Eit tilbod for jenter og gutar født 2011-2016.
Dette er meint for dei som vil trene ei økt utover sine lagsøkter. Ein tar utgangspunkt i Landslagsskolen når ein planlegg øktene og delar spelarane inn i differensierte grupper (tilpassa opplæring til nivå). Vi blander alder og kjønn.
Oppbygging av økta vil være slik:
- Oppmøte i kafèen for gjennomgang av økta
- Prepp / raske bein (15 min)
- Øvelse med smalt fokus (20 min)
- Spill mot 2 mål, samme fokusområde som i øvelsen (30 min)
Treningane vil bli planlagt og gjennomført med bruk av eigne eldre spelarar i klubben. Desse blir igjen fulgt opp og veileda av Øystein Hesjedal og Rune Ommedal. Trenarane i dette konseptet er flinke i fotball, men dei har liten erfaring med trenargjerningen. Vi vil difor stille litt krav til oppførsel, fokus og interesse til dei som vel å delta på dette tilbodet.
Vi ynskjer at trenarar og foreldre snakker om fylgjande med sine spelarar/born:
- Vi er på trening for å trene og held fokus mens økta pågår.
- Vi snakker og oppfører oss fint ovanfor kvarandre.
- Vær ein bidragsyter! Gjer andre gode, hjelp til med utstyr m.m.
Vi håpar at dette tilbodet vil være klubbutviklande for både spelarar og trenarar. Alle trenarar og foreldre i klubben er velkomne til å sjå på øktene, og ikkje minst være med i trenerteama hvis de ynskjer det!
Dei som vil være med registrerar seg i Hoopitgruppa:
Kommentarer
Logg inn for å skrive en kommentar.
Siste fra Stryn Fotball

Gratulerer med dagen!
17.05.2024

Kongleriket 2024
05.05.2024

Kampar i veke 18
28.04.2024

Måltier'n Scoringsklubb
26.04.2024

Slutt for Firda Live
25.04.2024